
Unni boksasp solo
Nytt soloprosjekt: Draumkvedet av og med Unni Boksasp
Premiere 6. januar 2023, Nutheim, Seljord
Draumkvedet er visjonsdiktet der hovudpersonen, Olav Aasteson, fell i djup transeliknande søvn på julekvelden, og i draumen reiser han over Gjallarbrua til Dødsriket. Der får han sjå kva for konsekvensar livet vi lever i denne verda får for livet i Dødsriket. Det er ein kamp mellom det gode og det onde: det er blod, pinsler, tortur og helvetes lidingar, men også vakre bilete av himmelske katadralar i glitrande solskin, englesong og eit paradis bada i solgull.
Den første nedteikninga av Draumkvedet vi har er frå 1842, og sidan er omlag 100 tekstnedskrifter skreve ned etter folkesongarar frå Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moldke Moe frå midta av 1800-talet. Unni har sett saman sin eigne versjon, og komponerer nye melodiar til heile historia om Olav Aasteson si draumeferd til dødsriket. Dramaturg og skodespelar Marianne Meløy er med som scenisk tilretteleggjar i prosjektet.
Lysdesign: Sture Moslåtten
Lyd: Vegard Finnekåsa
Forestillinga skal turnere og spele konsertar i Oslo, på Nordmøre og i Trøndelag i etterkant av premiera. Detaljert turneliste blir lagt ut så snart ho er klar.
Arrangørar: Nutheim, Riksscenen, Jakobskirken, Festspillene i Kristiansund, Hilmarscena, TrondheimFOLK
Prosjektet har motteke bestillingsverkstøtte frå Kulturrådet.