prosjekt

Unni Boksasp arbeider både som solo kvedar, i ulike ensemble, som komponist, pedagog og folkedansar. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, Universtitetet i Sørøst- Norge, avdeling Rauland og NTNU. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkemusikarane i Skandinavia. Ho har m.a. motteke Spellemannsprisen for plata "Keramello" ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble og har vunne eliteklassa i vokal folkemusikk – klasse A – fleire gonger. Unni Boksasp er i dag tilsett som førsteamenuensis i folkesong ved Universitetet i Sørøst- Norge i tillegg til å vera frilansmusikar.

Utdrag frå konsertlisa dei siste to åra:

       

  • USA-turne, Midwesten med Unni Boksasp Ensemble 5 veker i 2019 og 4 veker i 2018      

  • Operafestuka i Kristiansund og Riksscenen med Persleskum

  • Moldejazz, Hemnesjazz og Riksscenen med Friensemblet

  • Bjørnsonfestivalen og Trondheim kammermusikkfestival med Perleskum

  • Fryd, platesleppturne med Cantus/ Tove Ramlo Ystad

  • Rauland internasjonale vinterfestival, Opus 72017 med Unni Boksasp Ensemble

  • Turne med STY (Lars Ingar Meyer Fjeld og Sigbjørn Rua)

  • Vossajazz, solist bestillingsverk Friensemblet

  • Førdefestivalen, songar i bestillingsverk av Jorun Marie Kvernberg med Daniel Herskedal og Dag Filip Roaldsnes

  • Stangvikfestivalen, Unni Boksasp Ensemble m.fl

  • På Geitevis. Skulekonsertturne 2 veker med bestillingsverket til Kvernberg

  • Unni Boksasp Ensemble, trio (Magne Vestrum og Trygve Brøske): diverse konsertar ilag med m.a.Cantus, Smøla janitsjar i Lademoen kirke, Braatt-hallen, Rosekyrkja i Stordal, Stangvikfestivalen, Hjorten Scene i Trondheim m.m. 

Unni Boksasp © 2020 

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now