Unni Boksasp
Ensemble
Unni Boksasp har sidan hausten 2006 dreve sitt eige ensemble. Ensemblet spelar både som trio, kvartett og kvintett, og medlemmane i gruppa varierer. Unni Boksasp Ensemble (UBE) er kjent for å spele alt fra glade festlåtar til dei vakraste og sørgelegaste viser, og alltid med folkemusikken som grunnstamme.
”Det interessante er at de gamle kodene fortsatt er bevart, til tross for at uttrykkene fornyes. Ikke minst er dette tydelig i musikken til Unni Boksasp. Hun kjenner sin tradisjon helt ut til fingerspissene, og det er nettopp grunnen til at musikken hun lager blir så god. For hun og ensemblet klarer å finne fram til det beste av gammel spillemåte, og samtidig sette det inn i nye og forfriskende arrangementer som kler melodimaterialet godt. Resultatet blir forunderlig og forførende. (….) De maler med sterke farger og lager noe sammen som jeg ikke har hørt før. Det blir musikk med en tydelig signatur! (...........) Ah - det er godt å bli begeistret!”
Kjetil Bjørgan, Kulturnytt NRK
UBE har gjeve ut fire fulle album, singlar og videoar (sjå diskografi). Dei har spela på dei fleste folkemusikkfestivalane og -scenene i landet både ein og fleire gongar, samt på andre festivalar både i Norge, Skottland, Canada, Sverige og no sist to store turnear i USA (2018 og 2019). UBE er eitt av få folkemusikkband som har motteke ensemblestøtte frå Kulturrådet gjennom ei årrekke.
Musikarar som har spela og turnert med Unni Boksasp Ensemble sidan 2006 og fram til i dag:
Unni Boksasp
Magne Vestrum
Trygve Brøske
Jorun Marie Kvernberg
Petter Berndalen
Ånon Egeland
Olav Luksengård Mjelva
Tore Bruvoll
Rune Tylden
Jens Linell
Tom Karlsrud
Ronny Kjøsen
Jo Einar Sterten Jansen
Mats Edén
Mia Marin
Mattis Kleppen
Kenneth Ekornes
Gjermund Silseth
Guro Kvifte Nesheim
Diskografi:
2007 Songar frå Havdal, Ta:lik records, produsent Mikael Marin
2010 Keramello, Øra fonogram, produsent Jostein Ansnes. Spellemannspris, Folkelarmpris og Innkjøpsordninga
2012 Jul inni fjorda, UBE records, singel
2013 Kvite fuglar, UBE records, produsent Jørund Fluge Samuelsen. Folkelarmpris og publiseringsstøtte
2016 Fem små ord, UBE records, singel
2017 Opus 72017, UBE records
Les meir om UBE på facebook: https://www.facebook.com/unniboksaspensemble/
Unni Boksasp Ensemble feira 15- års-jubileum i september 2022.
DOKKHUSET, Trondheim 2. september. Billettar:
https://dokkhuset.hoopla.no/sales/event/unniboksaspdhs22
RIKSSCENEN, Oslo 3. september. Billettar:
https://www.riksscenen.no/unni-boksasp-ensemble-15-aar.6530288-515567.html
I 2022 feirar Unni Boksasp Ensemble 15-årsjubileum for platedebuten, Songar frå Havdal! Jubileet blir feira med jubileumskonserter på Dokkhuset i Trondheim i regi av TrondheimFOLK og på Riksscenen i Oslo første helga i september.
Med på scena desse to kveldane er dei seks musikarane som har spelt mest med ensemblet desse 15 åra:
-
Unni Boksasp - vokal og zitter
-
Magne Vestrum - kontrabass, vokal
-
Trygve Brøske - trøorgel, piano
-
Jorun Marie Kvernberg - fele, hardingfele, vokal
-
Olav Luksengård Mjelva - fele, hardingfele