«En av norsk folkemusikks mest fargerike og uredde utøvere»

                                   Mode Steinkjer,  Dagsavisen

«En stemme som trakterer skalaer som få andre vokalister i Norge»

                               Ole Foss, Romsdals Budstikke

UNNI BOKSASP // 

Med røtene trygt planta i dei norske folkemusikktradisjonane, arbeider Unni som folkesongar, låtskrivar og pedagog. Ho let seg utfordre både i det tradisjonelle uttrykket og med å vidareutvikle og leite fram nye musikalske vegar, ilag med kunstnarar frå ulike sjangrar, kulturar og uttrykk. Ho har dreve sitt eige Unni Boksasp Ensemble sidan 2006, som ho mellom anna vann Spellemannsprisen ilag med for plata «Keramello».

UNNI BOKSASP ENSEMBLE FEIRAR 15 ÅR I 2022!

     DOKKHUSET, Trondheim 2. september. Billettar: 

                                   https://dokkhuset.hoopla.no/sales/event/unniboksaspdhs22 

     RIKSSCENEN, Oslo 3. september. Billettar:

                                  https://www.riksscenen.no/unni-boksasp-ensemble-15-aar.6530288-515567.html

I 2022 feirar Unni Boksasp Ensemble 15-årsjubileum for platedebuten, Songar frå Havdal! Jubileet blir feira med jubileumskonserter på Dokkhuset i Trondheim i regi av TrondheimFOLK og på Riksscenen i Oslo første helga i september. ​

Med på scena desse to kveldane er dei seks musikarane som har spelt mest med ensemblet desse 15 åra:

  • Unni Boksasp - vokal og zitter

  • Magne Vestrum - kontrabass, vokal

  • Trygve Brøske - trøorgel, piano

  • Jorun Marie Kvernberg - fele, hardingfele, vokal

  • Olav Luksengård Mjelva - fele, hardingfele

C8CDBC25-6BF6-47D5-9A51-CA0CE944B7E0.jpg