Velkomne til Unni Boksasp si heimeside!
Welcome to Unni Boksasps homapage. For english - go to Biography.
Unni Boksasp er folkesongar frå Nordmøre, no busett i Tinn i Telemark. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solo kvedar, i ulike ensemble og som pedagog. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho vann eliteklassa i vokal folkemusikk – klasse A – både i 2010 og i 2011.
”Unni Boksasp er en frodig, dynamisk og kresen
folkesanger fra Nordmøre. Hun har vunnet landskappleiken, og det gjør man bare
om man er skikkelig god.”
Colombi Egg/ Gabriel Fliflet 2011
Sjå og høyr Unni på Landskappleiken 2011: her
Sjå og høyr STY på Slåttefestivalen 2011: her
Unni Boksasp Ensemble
Dei siste åra har Unni arbeidd og turnert mykje med sitt eige Unni Boksasp Ensemble (UBE). Ensemblet vann Spellemannsprisen 2010 og Folkelarmprisen 2010 for sitt nyaste album: ”Keramello”. UBE har sine musikalske røter i folkemusikken frå midtnorge. Med kunnskap og kjærkeik til denne musikken fantaserer, komponerer og leikar dei seg vidare inn i si eiga musikalske verd, der skeive rytmer, uvante skalaer og overraskande innfall morar publikum langt utover dei midtnorske grenser.
Musikarane i ensemblet er alle handplukka, og er meritterte på kvar sin kant. I tilegg til Unni Boksasp sjølv finn vi Jorun Marie Kvernberg (fele/ hardingfele), Trygve Brøske (tangentinstrument), Olav Mjelva (fele/ hardingfele), Magne Vestrum (kontrabass) og Petter Berndalen (perkusjon).
”Det oser overskudd og spilleglede av Keramello når Unni Boksasp Ensemble slipper seg løs. Dette er humørfylt folkemusikk som gjennom utsøkte arrangementer oppleves som et gedigent festmåltid.”
Terningkast 5 frå Svein Andersen, Aftenposten 20. juni 2010
”Utgivelsen vitner om dyp tradisjonekunnskap kombinert med stilsikker kunstnerisk fornyelse. Bak utgivelsen står en gruppe som bærer en utøvers navn, en utøver som har en sterk og inderlig kjærlighet for rå og glidende toner. Sammen med gruppens øvrige medlemmer skaper hun et vitalt og spenstig nåtidig uttrykk basert på en samspillsgnist som kjennetegner tradisjonsmusikkens fremste utøvere.”
Utdrag frå juryen si grunngjeving for utdelinga av Folkelarmprisen 2010
Sjå oss live på Folkelarm 2010, rett etter prisutdelinga: her
Trykk på platecoveret nedanfor, og bestill "Keramello" frå Platekompaniet!
Sending Data
Taking too long?
